Olaløo
Smakfulle tradisjonar, frå fjord til fjell

Velkomen til oss
Olaløo på Bondhus er ein av vestlandets beste gardsrestaurantar, me kan tilby selskap og arrangement av alle slag. Lokal mat, lokale tradisjonar midt mellom bre, fjord og fjell.
Me kan tilby private arrangement som bryllup, konfirmasjon, dåp, jubileum og julebord.
I tillegg tek me i mot grupper for lunsj, middag eller kaffi på førehandstinging, dette kan vere alt frå elevar på skuletur til sightseeinggrupper frå cruisebåt og buss.
Kurs og konferanse; Olaløo har wifi, 4G dekning, lerret og eigen prosjektor, inviter gjerne kollegaer på seminar med eit godt måltid attåt.
Open kafe: Om våren og hausten er kafeen open kvar sundag og i påsken. I den hektiske turistsesongen frå slutten av juni til starten av august er kafeen open kvar dag.
Storstova: Festsal med plass til ca. 100 personar
Floren / Vetlastova: Lite lokale for mindre arrangement, plass til ca. 25 personar
Bruraloftet: Liten sal i 2 etasje, plass til 30 personar
Velkomen skal du vera!

Vår restaurant
Midt mellom fjord og fonn
og på dørstokken til Folgefonna

Olaløo ligg i eit av Noregs vakraste landskap. Kvar sommar valfartar tusenvis av turistar inn Bondhusdalen for å sjå natur og bre. Sundal er eit godt utgangspunkt for turar i Folgefonna nasjonalpark. Kombiner ein tur i vår vakre natur med eit måltid i løo. Treng du overnatting, breførar, guide eller båtplass så bistår me gjerne med informasjon.
